Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Posts Tagged ‘datalagring’

Bloggstafett for personvern – mot datalagringsdirektivet:

Personvern er ein grunnleggjande verdi i eit demokrati. Personvernet inneber ein rett til å vere i fred frå andre, men og ein rett til å ha kontroll over opplysningar om seg sjølv, særleg opplysningar som vert opplevd som personlege. Etter artikkel 8 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) vert personvern sett på som ein menneskerett.

Med ein mogleg norsk implementering av Datalagringsdirektivet (direktiv 2006/24/EF), som pålegg tele- og nettselskap å lagre trafikkdata om borgaranes elektroniske kommunikasjon (e-post, sms, telefon, internett) i inntil to år, vil nordmenns personvern bli krenka på det grovaste.

Datalagringsdirektivet vart vedteke av EU 15.mars 2006, men framleis har den norske regjeringa ikkje offisielt teke stilling til om direktivet skal gjerast til norsk lov eller ikkje. Gjennom EØS-avtalen har Noreg ein reservasjonsrett. Han har aldri før blitt brukt, men så har ein heller aldri stått overfor eit direktiv som representerer ein så stor trugsel mot demokratiets grunnleggjande verdiar som det datalagringsdirektivet gjer.

Vi som publiserar dette innlegget krev at regjeringa seier ifrå no før valet om dei vil gjere datalagringsdirektivet til norsk lov eller ikkje. Å ikkje ta stilling, slik regjeringa har gjort i over tre år, er det same som stillteiande aksept.

Desse støttar saka og har publisert eit liknande innlegg på sin blogg:

Erlend Sand, leder i Europeisk Ungdom

Lars-Henrik Paarup MichelsenHordaland Venstres 2.kandidat
Mads Munthe-Kaas, Bergen Venstre
Carl Christian Grøndahl, Bergen Venstre
Vox Populi; Bloggar Knut Johannessen 
Virrvarr
; Bloggar Ida Jackson
Per Aage Pleym Christensen, Liberaleren 
Even Sandvold Roland
, evensr/#drittunge
Torstein Dahle, Partileiar Raudt
Robert Sørensen, www.teknonytt.com
Boye Bjerkholt
leiar Skedsmo Venstre
Runar Mæland, ungdomskandidat Hordaland Venstre
Jonas Eilertsen, 1. nestleiar Unge Venstre
Tanketom, Andreas H. Opsvik
Jon Lien, master på Politisk Økonomi 
Svein Ølnes
It-forsker & bonde
Stian Skår Ludvigsen
,
Statistiker – valgprognose


Du kan bli med ved å bruke denne teksten eller ein variant av han på din eigen nettside. Du kan og støtte saka ved å spreie bodskapen på
twitter,facebook, origoeller andre nettstader du ser på som relevante. Snakk med folk du møter på jobben, heime, på kafe og i ferien. Du bør og signereoppropet mot EUs datalagringsdirektiv, melde deg inn i facebookgruppa mot direktivet og støtte liberalerens e-postkampanje. Dersom du vil lære meir kan du starte med EMK artikkel 8 og reservasjonsrett EØS«Regjeringa må ta stilling no – sei nei til datalagringsdirektivet!» er publisert med lisensen Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0 Norway License. Kort fortalt betyr det at du fritt kan bruke denne teksten så lenge du brukar same lisens sjølv og lenker tilbake til oss.

Advertisements

Read Full Post »